Om HJERTELYKKE


Velkommen til HJERTELYKKE! <3 <3 <3

Eg er ei kreativ frøken som ELSKAR å sy, for tida går det mest i hjerter, vimpelrekker til barnerom og pynteputer med påtrykt bilde.

Dersom du ønkser ei PERSONLEG gåve til den nyfødte, dåpsgåve, julegåve eller bursdagsgåve er dette nettbutikken for deg.

Hjertene er kjempesøte i barnevogna, på barnesenga eller i vinduet. Vimpelrekkene setter prikken over "i-en" på PRINSE- eller PRINSESSEROMMET!

Hjertene passer som pynt i heile huset, både heilårspynt og til jul. Eg kan lage dei i ulike fargar, og istadenfor påtrykt tekst kan eg t.d. pynte dei med ein blondekant.

Send meg gjerne ein mail ( ioveraa@hotmail.com) med tekst og evt bildeønske, så skal eg prøve å få til eit flott resultat.

★ BETALING:
Betalingsalternativene i min nettbutikk er PayPal og privat oppgjer.

Med PAY PAL betaler du raskt og enkelt med eit kredittkort over internett. Du treng ikkje registrere egen PayPal-konto for å betale på denne måten. Betalingen vert registrert omgåande, og eg sender ordren din raskt avgårde.
Dersom du velger PRIVAT OPPGJER, sender eg deg ein mail med betalingsopplysningar. Du vil få eit kontonummer som totalsummen må førast inn på før pakken vert sendt. Ordren din vert sendt med ein gong pengane er registert på min konto og produktet er ferdigprodusert.

★ ANGRERETT
"Hjertelykke" er ei privat hobbyverksemd, og når ein handlar av privatpersonar har ein ikkje same angrerett som når ein handlar hos firma. Produkt som er sydd på bestilling med personleg design kan eg følgeleg ikkje ta i retur. Om du har kjøpt eit produkt utan personleg design som ikkje passar, kan eg ta dette i retur dersom produktet er like fint som ved utsending og kunden betaler returportoen.

<3 HJERTELEG helsing Irene <3