Strikka waldorfdokke med seng
Ei dokke for dei litt større barna (3 år og oppover).
Her i huset er den ein stor favoritt hjå fireåringen; den går på turar, et mat, går på jobb, dansar, før den til slutt legg seg under dyna for dagen.
Senga er strikka og tova, og både dokke, dyne og pute er fylt med ekte norsk ull frå Rauma ullvarefabrikk.
Mål:
-senga: 17x15 cm
-dokka: 13x10 cm