Grå harepus av gjenbruksull
Denne haren er sydd av ein tova mellomgrå lammeullsgenser. Den er mjuk og god, og dei lange øyrene er ypperlige til kos for små fingrar.
Haren er fylt med ull og ansiktet er brodert på med ullgarn. Den måler 20 cm frå snute til haletipp og er omlag 12 cm høg utanom øyrene. Den kan vaskast forsiktig for hand med ullvaskemiddel.
All ullfilt som er brukt i Blåbærleikene er laga av brukte ullplagg som er vaska og tova i maskin. I hovudsak er plagga av 100% ull, i enkelte tilfelle kan det vere opp mot 20% syntetiske fiber i dei. Til fyllmateriale brukar eg norsk haustull frå sunne sauehald. Ulla er vaska og karda, men pelsallergikarar bør vere merksame på at dei kan reagere.
Søkeord: ullkanin, ulldyr, kosedyr, lekedyr, kanin, påske