Sommarfuglnål #2

Sommarfuglnål laga av gamle broderi som ingen ville ha.

Etter mange år med besøk på loppemarknader og brukthandlar har eg bygd opp ei solid samling med handbroderte tekstilar. Alle desse dukane som har fått hol eller flekkar får no nytt liv som pyntenål forma som ein sommarfugl. Bruk den på jakkekragen, på lua eller veska. Eller ha den til pynt i huset!

Denne er sydd av ein mintgrøn duk brodert med knall rødt, oransje og svart. Spenstige fargeval som muligens peikar mot 60-talet?

Sommarfuglane er forsterka med strykeinnlegg (også det bruktkjøp) og sydd på eit dobbelt lag økologisk bomullslerret. Eg syns sjølv råkantane minnar om vingane til ekte sommarfuglar, men desse tåler heldigvis adskillig meir. På baksida er det sydd fast ei brosjenål med sikkerheitslås.

Søkeord: sommerfugl, nål, broderi


Kategorier:
SmykkerBrosjer, AccessoirerTilbehør

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 299210 | lagt til: 14.09.2011

kr 100,-

Flere produkter fra Ulldyr