Mørkeblå kval av gjenbruksull
Denne kvalen er sydd av gamle ullplagg. Ein mjuk mørkeblå genser til hovudkropp og ei jakke i ein herlig blåturkis nyanse har blitt til buk. Loffene er sydd av eit gamalt gardinstoff i fargar som står perfekt til resten av kvalen. Den er fylt med vaska, karda ull og augo er broderte på for hand. Kvalen måler omlag 23 cm frå snute til haletipp og er 10 cm høg. Sjølv om kvalen er eit havdyr er vel denne ikkje særleg glad i å bade, men han kan vaskast forsiktig for hand med ullvaskemiddel om det skulle vere behov for det.
All gjenbruksull som er brukt i Blåbærleikene er laga av gamle ullplagg som er vaska og tova i maskin. I hovudsak er plagga av 100% ull, i enkelte tilfelle kan det vere opp mot 20% syntetiske fiber i dei. Til fyllmateriale brukar eg norsk haustull frå sunne sauehald. Ulla er vaska og karda, men pelsallergikarar bør vere merksame på at dei kan reagere.
Søkeord: hval, ulldyr, kosedyr, lekedyr